Ein kopp kaffi kan vera så mykje.
Me likar best den som er laga med omsorg og kjærleik og krydra med oppleving.
Kaffien kan vera nymalen. Han kan vera kokt over bålet. Eller han kan vera servert frå ein tur termos....
Å arbeide med oppleving som næring er å ta dei "vanlege" produkta og formidle dei på ein måte som gir dei personleg verdi for kunden.
På denne nettsida fortel vi om dette.
Vårt fokus er formidling av måltid, natur og kultur.
FORUM FOR INTERPRETASJON er starten på eit nettverk for utvikling av kompetanse innan formidling.
Når vi brukar det vanskelege ordet "interpretasjon" er det fordi dette er ei internasjonal nemning for ei bestemt metodisk tilnærming til emnet formidling. Vi likar likevel best å bruke det norske ordet "formidling" som i vår samanheng då må forståast samanfallande med interpretasjon.