VELKOMEN TIL FORUM FOR FORMIDLING
Forum for formidling er eit felles initiaitv frå den regionale satsinga Nærøyfjorden Verdsarvpark og den lokale utviklings- og nettverksorganisasjonen Aurland natur- og kulturarv BA.
Forum for formidling har som mål å utvikle kunnskap og erfaringar innan formidling av natur- og kulturarv og ta desse i bruk i natur- og kulturbasert næringsutvikling.
Kva er interpretasjon?
Interpretasjon er ei metodisk tilnærming til korleis vi kan formidle det særeigne ved eit område sin kulturelle og naturgjevne eigenart til besøkande. Interpretasjon fokuserar på tilrettelegging av sjølvguidande stiar, guida turar, museumsutstillingar og levande formidling. Den metodiske tilnærminga hjelper oss å formidle fakta på ein måte som gjer at mottakaren opplever historia på ein måte som gjev meining og engasjerar. Interpretasjon er særleg relevant for formidling innanfor ein setting som krev fokus på økologisk, økonomisk og miljømessig bærekraft.
Interpretasjon som metodikk er på frammarsj i Europa og vår satsing er del av eit europeisk nettverk på området.
Sjå link til dette nettveket www.interpret-europe.org
Bruk av denne metodikken og spreiing av kunnskap om formidling står sentralt i dei utviklingsprosessar som føregår med utgangspunktet i verdsarven for Nærøyfjordområdet.
Grunngjevinga for dette er nedfelt i vår "formel for verdiskaping":
Verdiskaping skjer i møtet mellom menneske.
Verdiskaping føreset av det skjer verdsetjing
Verdsetjing byggjer på ei vurdering
som vi påverkar gjennom kommunikasjon.
Vi snakkar her om verdiskaping i form av pris på produkta frå området og kulturell verdiskaping ved at vi løyser it ressursar i oss sjølve.
Vårt første tiltak er å utvikle eit utdanningstilbod innan interpretasjon.
Dei som gjennomfører kurset frå eit diplom og status som bygdevert.
Prosjektleiar for utvikling av kurset er Jorunn Heggdal frå Flåm Oppleving i nært samarbeid med dagleg leiar i Aurland natur og kulturarv, Laila Kvellestad.